Korleis logge inn med BankID på mobil
For at du skal kunne logge inn med BankID på mobil, må du først aktivere BankID på mobil i nettbanken din.
For å logge inn med BankID på mobil må du gå til tenesta du ynskjer å logge inn til (t.d. www.nav.no, www.altinn.no, www.skatteetaten.no)
• Vel "BankID på mobil".
• Skriv inn mobilnummer (8 siffer) og fødselsdato (ddmmåå). Klikk "Neste"
• Du får no opp eit referanseord på skjermen.
• Sjekk at du mottek same referanseord på mobilen din som på skjermen, og klikk "GODTA" på mobilen.
• Tast inn din eigenvalde PIN-kode (4-8 siffer) på mobilen for å fullføre innlogginga.
BankID på mobil gir tilgang til offentlege tenester på tryggleiksnivå 4 (høgaste).