Kva er det eg reserverar meg mot?
Reservasjonen vil gjelde for:
- einskildvedtak
- førehandsvarsel etter forvaltningslova § 16
- meldingar som er avgjerande for rettsstillinga di eller for behandlinga av ei sak
- meldingar som det av andre grunnar er svært viktig at du får
Når du reserverar deg vil brev som inneheld viktig informasjon, berre bli sendt til deg på papir. Det kan for eksempel vere skatteoppgjeret, brev om tildeling av barnehageplass, byggeløyve eller vedtak om ytingar frå NAV. Har du reservert deg, gjeld det for heile den offentlege sektoren, både stat og kommune.
Grunna postgang vil du få breva seinare enn om brevet vert sendt digitalt.
Om du reserverar deg mot digital kommunikasjon, vil du framleis kunne logge deg inn på offentlege tenester på internett.