Lær å logge inn til offentlege tenester med MinID
Dette kurset er laga for deg som vil vite korleis innlogging til offentlege tenester med MinID fungerer.
Presentasjon med lærarrettleiing (fullskjerm-versjon) kan lastast ned her.
Du kan også gjennomføre kurset på eiga hand ved å klikke på "GUIDE".
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 1
Dette kurset viser deg korleis du loggar inn til offentlege tenester med MinID.
Ynskjer du at kurset skal vere eit praktisk kurs i innlogging til offentlege tenester med MinID, må du ha skaffa deg PIN-kodar og oppretta MinID før du tek kurset.
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 2
Å logge inn er ein framgangsmåte for å komme inn til tenester frå det offentlege.
Når du er logga inn kan du få informasjon som det offentlege har registrert om deg.
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 3
På nettet er det ikkje nok å skrive kven du er med ord, for å få tilgang til opplysningar knytt til deg.
Du må bevise med ein personleg elektronisk legitimasjon, at du er du.
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 4
For å logge inn til ei teneste frå stat eller kommune, gå til nettstaden til verksemda eller kommunen du vil logge inn til.
Sjå etter om dei har tenester du kan logge inn til. Klikk på logg inn.
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 5
For å logge inn til ei offentleg teneste, skriv inn nettadressa til ei statleg verksemd eller ein kommune i adresselinja på den nettlesaren du brukar.
Sjå etter om verksemda har ei teneste du kan logge inn til. Klikk på logg inn.
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 6
ID-porten viser at du kjem til ei sikker innloggingsteneste frå stat eller kommune.
ID-porten er ei samling av alle elektroniske ID-ane du kan bruke for å logge inn til ei teneste. Her skal du velje MinID.
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 7
Du skriv heile fødselsnummeret ditt på 11 siffer utan mellomrom.
Skriv deretter det personlege passordet du laga deg då du oppretta MinID som personleg elektronisk ID.
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 8
Skrive inn koden du får tilsendt som ei SMS melding til mobiltelefonen din.
Trykk på neste eller trykk på enterknappen på tastaturet ditt.
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 9
Når du har logga inn til NAV sine tenester, vil namnet ditt komme fram. Ser du namnet ditt i tenesta du søker, veit du at du er logga inn.
Hugs å logge ut.
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 10
ID-porten sender ut denne påminninga automatisk. Du må stadfeste eller rette eigen kontaktinformasjon.
Det er viktig at kontaktinformasjonen din er rett. Kontaktinformasjonen din i Det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret skal nyttast av stat og kommune om dei vil kontakte deg.
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 11
Noreg.no har samla mange tenester frå stat og kommune som du kan logge inn til.
Du kan leite opp ei konkret teneste, du kan finne ei teneste ut frå livssituasjonen du er i, og du kan søke etter tenester på Noreg.no
Popup window with instructions
Lær å logge inn med MinID, steg 12
Hjelp til innlogging: I innloggingsbilda kan du klikke på teksten: ‘Hjelp til innlogging’
Du kan og komme til hjelpesidene for ID-porten nedst på nettsida til Noreg.no.
Popup window with instructions