Korleis kan verjer få tilgang til klientane sin MinID-innlogging
Det finst i dag inga fullmaktløysing i ID-porten. For at du som verje skal få tilgang til dine klientar sin MinID innlogging, må du sende inn verjefullmakt på papir til:
Digitaliseringsdirektoratet
ID-porten brukerstøtte
Skrivarvegen 2
6863 Leikanger
Vi lagrar ikkje verjefullmakt som vert sendt til oss, og kan difor ikkje gi deg tilgang utan at dette blir sendt til oss på nytt. Når verjefullmakt er motteke vert PIN-kodar sendt til verjehavar si folkeregistrerte postadresse.
Du må registrere kontaktinformasjon (mobilnummer og/eller e-postadresse) når du registrerar ein MinID-brukar. Du og din klient må verte enige om kven sin kontaktinformasjon som skal registrerast.
Treng du hjelp eller ynskjer meir informasjon om MinID som verje, kontakt brukarstøtte for ID-porten på nummer: 800 30 300.