Korleis bruke BankID på mobil som kodebrikke
Du kan signere dokument ved å bruke BankID på mobil som kodebrikke. Dei aller fleste bankane tilbyr denne tenesta for sine kundar.
Slik signerar du når du vil bruke BankID på mobil som kodebrikke:
- Vel vanleg BankID med kodar frå banken din – les dokumentet og huk av for at innhaldet er lest og forstått.
- Skriv inn fødselsnummeret ditt.
- Vel BankID på mobil ved å klikke på "Vel anna BankID"-lenka, eller klikk på den blå pila øverst til venstre i BankID-vindauga. Klikk deretter på pila til høgre for BankID på mobil for å gå vidare og motta referanse på mobilen din. Sjekk at referanseorda stemmer overeins og tast ID-pin på mobilen som vanleg.
- Skriv inn BankID-passordet ditt. (Har du gløymt passordet må du kontakte banken din for hjelp).
- Signeringa er fullført.