Kan post frå det offentlege bli sletta?
Nei, det er berre du sjølv som kan slette post frå det offentlege i den digitale postkassen din.
Om du har sletta post og angrar på det, kan du sjå om postkassen din har ei mappe med "Sletta post". Du kan opne denne mappa for å hente posten fram att.
Du kan ta kontakt med avsendar og spørje om dei kan sende deg posten på nytt.
Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:
Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00
e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04