Korleis reserverer eg meg?
Du kan reservere deg ved å klikke på denne lenka. Då kjem du til ei side der du kan skrive inn fødselsnummeret ditt og klikke "Reserver".
Om du reserverer deg mot digital kommunikasjon, vil du motta viktige brev frå det offentlege berre på papir.
Det er ulovleg å reservere andre utan deira samtykke, og det kan vere straffbart iht. personopplysningslova § 8.
Om du er registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret, vil du få ei kvittering på e-post eller SMS når du er blitt reservert med ordlyden: «Du har reservert deg mot kommunikasjon på nett med stat og kommune. Ring oss om dette ikkje stemmer, ID-porten: 800 30 300»
Ynskjer du meir informasjon eller hjelp til å reservere deg, ring tlf. 800 30 300 eller sjå www.norge.no