Korleis logge inn med BankID med kodebrikke
For å logge inn med BankID treng du:
- Fødselsnummer
- Kodegenerator (t.d kodebrikke) frå banken din
- Personleg passord
Gå til tenesta du ynskjer å logge inn til (t.d.: www.nav.no, www.altinn.no, www.skatteetaten.no)
- Vel BankID i ID-porten
- Skriv inn fødselsnummer, 11 siffer
- Vel innlogginga "BankID med kodebrikke"
- Skriv inn eingongskode frå kodegenerator (t.d. kodebrikke)
- Skriv inn personleg passord
Legg merke til at BankID må vere aktivert hjå banken din for å nytta den i ID-porten.
BankID gir tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4).