Korleis logge inn med BankID på mobil som kodebrikke
Du kan logge inn med BankID ved å bruke "BankID på mobil" som kodebrikke. Dei aller fleste bankane tilbyr denne muligheita for kundane sine.
Slik loggar du inn når du vil bruke BankID på mobil som kodebrikke:
- Vel vanleg BankID med kodar frå banken din
- Skriv inn fødselsnummeret ditt
- Vel BankID på mobil ved å klikke på "Vel anna BankID"-lenka, eller klikk på den blå pila øverst til venstre i BankID-vindauga. Klikk deretter på pila til høgre for BankID på mobil for å gå vidare og motta referanse på mobilen din. Sjekk at referanseorda stemmer overeins og tast ID-pin på mobilen som vanleg
- Skriv inn BankID-passordet ditt. (Har du gløymt passordet må du kontakte banken din for hjelp)
- Innlogginga er fullført