Kva skjer dersom eg gløymer å sjekke den digitale postkassen?
Når du får digital post frå det offentlege vert du varsla på SMS eller e-post.
Post som er levert til den digitale postkassen din blir liggande der.
Du er sjølv ansvarleg for å gjere deg kjend med innhaldet i posten som er sendt til deg, på same måte som når du får eit papirbrev.
Svar- og klagefristar gjeld frå den dagen du vert varsla og kan opne posten din, på same måte som post på papir.