Er digital postkasse det same som e-post?
Nei, ein digital postkasse er sikrare fordi både avsendar og mottakar må stadfeste identiteten sin.
Post som det offentlege sender til deg i den digitale postkassen din blir sendt kryptert.
Du må legitimere deg gjennom ID-porten for å opne og lese post frå det offentlege i den digitale postkassen.
Det er berre du, og dei du har gitt løyve til, som kan lese posten din frå det offentlege.