Kan eg byte postkasse om eg angrar?
Ja, du kan når som helst byte digital postkasse. Dette gjer du ved å logge inn på
"Dine kontaktopplysningar".
Når du har logga inn på "Dine kontaktopplysningar", kan du sjå kva postkasse du har valt. Klikk på blyantikonet for å endre digital postkasse. Om du ikkje har valt digital postkasse tidlegare, kan du gjere det frå denne sida.
Det er enkelt å flytte posten du har motteke frå det offentlege over til den nye postkassen din.
Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:
Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00
e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04