Korleis skaffar eg meg ein digital postkasse?
Det offentlege har inngått avtale med to leverandørar av digital postkassar, Digipost og e-Boks. Du vel sjølv den postkassen du likar best.
For å oppretta digital postkasse:
- Gå til nettstaden www.noreg.no
- Klikk på "Vel digital postkasse"
- Les informasjonen og vel e-Boks eller Digipost
- For å opprette digital postkasse frå e-Boks eller Digipost, må du identifisere deg elektronisk med BankID, BankID på mobil, Buypass ID eller Commfides
Får du problem med å opprette den digitale postkassen du ynskjer, kan du sende ein e-post eller ringe brukarstøtta til den postkasseleverandøren du har valt.
Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. (+47) 22 03 00 00
e-Boks: kontaktskjema eller tlf. (+47) 22 89 85 04