Kva betyr det at digital post vert sendt sikkert?
For å sikre at uvedkommande ikkje kan lese posten din vert den sendt kryptert til den digitale postkassen din. Ei kryptert sending kan samanliknast med at du set på ein hengelås. Det er berre den som har nøkkelen, som kan låse opp og lese innhaldet.
Når du får post digitalt frå offentlege avsendarar, må du logge inn via ID-porten for å lese posten din.