Kva er ein digital postkasse?
Ein digital postkasse er ei teneste på internett som kan ta imot og oppbevare post på ein sikker måte.
Du kan opne og lese posten din både på datamaskin, nettbrett eller smarttelefon. Du treng tilgang til internett.
Du må sjølv opprette ein digital postkasse for å kunne ta imot post digitalt.
Dokumenta du har fått tilsendt blir lagra i den digitale postkassen som eit arkiv.
Du må ha ein elektronisk ID og bruke ID-porten for å lese post frå det offentlege. For meir informasjon om digital post frå det offentlege kan du ringe ID-porten brukarstøtte: 800 30 300.