Kvifor får eg e-post om å opprette digital postkasse når eg allereie har gjort dette?
Når offentlege verksemder sender ut e-post med oppfordring om å opprette digital postkasse, brukar dei informasjonen som ligg i Kontakt- og reservasjonsregisteret.
Om du har registrert e-postadressa di på ein annan person, er det du som får e-posten med oppfordringa. Du har kanskje hjelpt eit familiemedlem eller er verje. I den samanheng har du kanskje oppgitt e-postadressa di. Dette kan til dømes vere ved innlogging til skattemeldinga.