Kvifor må eg velje mellom to postkassar?
Det offentlege har inngått avtale med to leverandørar av digital postkasse, Digipost og e-Boks. Postkassane er likestilte og begge tilfredsstiller strenge krav til tryggleik. Du kan sjølv velje kva digital postkasse du ynskjer. Du kan både ha e-Boks og Digipost, men du kan berre få post frå det offentlege til ein av dei. Dette kan du velje på brukarprofilen din på noreg.no.