eInnsyn
eInnsyn er ei felles publiseringsteneste for statlege og kommunale verksemder. Verksemdene nyttar tenesta til å publisere postjournalar på internett. Postjournalane vert deretter samla i ein felles database. Databasen er søkbar for brukarane. eInnsyn er eit samarbeid mellom staten ved Digitaliseringsdirektoratet og Oslo kommune.
I eInnsyn kan du søke opp fulltekstdokument og be om innsyn i offentlege dokument som ikkje er publisert. Når du ber om innsyn i eit dokument som ikkje er publisert, vert bestillinga sendt til den verksemda som er ansvarleg for journaloppføringa.