Kan eg be om innsyn anonymt?
Om du ynskjer å vere anonym når du ber om innsyn i ei sak, kan du søke om å få tilsendt dokument til valt e-postadresse. Du kan legge inn ei e-postadresse som ikkje inneheld namnet ditt, men den må vere gyldig for at du skal få tilsendt saka du søker innsyn i. Andre kan heller ikkje sjå kva søk du gjer i eInnsyn.