Kva er sak, dokument og journalpost?
Eit dokument er ofte omtalt som ein journalpost, det kan vere eit inngåande, utgåande eller internt dokument. Ein journalpost er altså eit journalført dokument i arkivet. Eit dokument vil alltid vere tilhøyrande ei sak, og ei sak kan ha alt frå eitt til hundrevis av dokument.
I ei sak kan ein finne ein eller fleire journalpostar som høyrer saman, har ein likskap eller samanheng.