Kvifor får eg tilgang til einskilde dokument, medan eg må søke om innsyn i andre dokument?
Nokre dokument vert lagt ut i fulltekst, andre ikkje. Årsaka til dette kan vere fleire:
- Verksemda har ikkje system som støttar publisering av dokument på eInnsyn
- Heile eller delar av dokumentet inneheld informasjon som ikkje skal leggast fram til offentleg innsyn i medhald av lov. Dette er ikkje til hinder for at ein kan be om innsyn i dokumentet/saka, men gjer at det ikkje vil vere publisert i fulltekst
Det er opp til verksemda å avgjere kva for dokument dei vel å publisere i fulltekst. Dette er omtala i forskrifta til offentleglova