Korleis kan eg sjå om dokumentet er signert (validering)?
Når du opnar dokumentet med ein PDF-lesar, eller nettlesar vil du kunne sjå at dokumentet har fått ei forside der det står at dokumentet er signert. Der finn du informasjon om når dokumentet er signert, av kven og med kva elektronisk ID. I tillegg er det eit vatnmerke på kvar enkelt side i dokumentet. Du vil få ein feilmelding dersom signaturen er ugyldig.
Om du brukar ein Adobe reader (PDF-leser) vil du i tillegg til å få opp signaturen på forsida, og vatnmerket, kunne få opp eit signaturpanel. Der kan du velje å sjå sertifikatinformasjon om sertifikatet som er brukt til å signere PAdES-dokumentet (det signerte PDF-dokumentet). Om PAdES-signaturen er ugyldig vil du få feilmelding. Ved å opne det integrerte vedlegget i PAdESen, kan du sjå personsignaturen i .xml format (XAdES). I XAdESen finn du både personsignaturen, originaldokumentet som personsignaturen er påført og ein ttp-logg (definert under ord og begrep). XAdESen kan opnast enten i nettlesar, eller med notisblokk (Notepad). Har PAdES-dokumentet blitt endra etter signering, visast ikkje signaturpanelet og det integrerte XAdES-vedlegget vil vere vekke, slik at dokumentet validerair som en vanleg PDF (og ikkje som PAdES).
Om orginaldokumentet er i .txt, vil det signerte dokumentet kun visast som XAdES.