Korleis signerar eg?
Gå til signeringsportalen, https://signering.posten.no, og logg inn via ID-porten for å få oversikt over kva dokument som ventar på din signatur. Du vil og kunne sjå ei liste over eventuelle dokument som du har signert dei siste 24 timane.
- Les dokumentet
Du finn dokumentet du kan signere elektronisk når du har logga inn på signeringstenesta.
Klikk på "Vis dokument" for å sjå kva du skal signere (forhåndsvisning), eller klikk direkte på "Start signering". Då vil du få opp dokumentet. - Signer i ID-porten
Under dokumentet finn du knappen "Signer dokument". Ynskjer du å signere, klikk "Signer dokument". Ynskjer du ikkje å signere dokumentet, klikk "Avbryt".
Når du signerer dokumentet, vert du sendt til ID-porten der du identifiserer deg med valget e-ID. Avsendaren av dokumentet bestemmer kva e-ID som kan nyttast for å signere dokumentet. Når identifiseringa i ID-porten er fullført, har du signert dokumentet. - Arkiver
Når du har fullført signeringa får du ei stadfesting på at dokumentet er signert, og du får tilbod om å laste ned det signerte dokumentet. Dokumentet er tilgjengeleg for nedlasting i 24 timar etter signeringstidspunktet, og finst i lista "Signerte dokument". Vi tilrår at du lastar opp det signerte dokumentet til den digitale postkassen din. Om du har digital postkasse vil du i dei fleste tilfelle motta dokumentet i den digitale postkassa di. Det er opp til kvar enkelt tenesteeigar om dei sender ut det signerte dokumentet til den digitale postkassa.
Du vil motta varsel på SMS eller e-post når du har nye dokument som ventar på din signatur.
Direkte signering:
Nokre offentlege verksemder brukar signeringstenesta som ein del av ein prosess. Du loggar då først inn på ei offentleg teneste via ID-porten. Etter at du er innlogga og har delt opplysningar i eit skjema hjå den offentlege tenesta, blir du automatisk sendt vidare til signeringstenesta. Når dokumentet er signert, blir du sendt tilbake til den opphavlege tenesta der du kan laste ned det signerte dokumentet. Her vil det ikkje vere tidsbegrensa nedlasting av det signerte dokumentet.
Avansert e-signatur med BankID eller Buypass:
Nokon gonger kan avsendaren bestemme at dokumentet skal signerast med sokalla avansert e-signatur.
I desse tilfella vil du bli beden om å signere med e-ID frå BankID eller Buypass, (og dokumentet kan dermed ikkje signerast med MinID, Commfides eller BankID på mobil).
NB! Dersom du signerar med BankID må du først opne og lese dokumentet i signeringsløysinga, før du kan krysse av for "Innhaldet er forstått og eg er klar til å signere". Det er elektronisk ID frå BankID og Buypass som kan brukast til e-signatur. Du kan også signere dokument ved å bruke BankID på mobil som kodebrikke.