Eit felles Kontakt- og reservasjonsregister
Når du loggar deg på ei offentleg teneste på internett, blir du bedd om å skrive inn mobilnummer og e-postadresse. Mobilnummeret og e-postadressa du sjølv skriv inn, blir ein del av eit felles Kontakt- og reservasjonsregister for stat og kommune. Denne informasjonen brukar staten og kommunane til å varsle deg om vedtak og andre viktige brev som er sendt til deg digitalt. Du vil og kunne få servicemeldingar og informasjon på SMS eller e-post. Det kan for eksempel vere påminning om avtalar eller varsel om stenging av vatn.
Les meir om felles kontaktregister.