Kva er ein elektronisk ID (e-ID)
Om du skal få utført tenester frå stat og kommune på nett, må du ha ein elektronisk ID (e-ID) for å kunne logge deg inn. Ein elektronisk ID er viktig for å stadfeste at du er den gjev deg ut for å vere.
Du kan velje mellom ulike alternativ for elektronisk ID når du skal logge inn til offentlege tenester: MinID, BankID, BankID-app, BankID på mobil, Buypass ID eller Commfides.
MinID er ein personleg elektronisk ID som gjev tilgang til offentlege tenester på betydeleg tryggleiksnivå (nivå 3). MinID, vert utsteda av Digitaliseringsdirektoratet. MinID kan bestillast frå det året du fyller 13 år. Når du opprettar MinID-brukar, vert du samstundes registrert i kontaktregisteret. Kontaktregisteret vert brukt av stat og kommune til å varsle deg. Difor må du registrere mobilnummer og/eller e-postadresse. Meir om registrering og innlogging med MinID.
BankID er ein personleg elektronisk ID som gjev tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4). BankID vert utsteda av banken din.
Meir om bestilling og innlogging med BankID.
BankID-app er ein personleg elektronisk ID som gjev tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4). BankID vert utsteda av banken din.
Meir om bestilling og innlogging med BankID-app.
BankID på mobil er ein personleg elektronisk ID som gir tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4). Du må ha BankID for å opprette BankID på mobil. Du kan berre opprette BankID på mobil hjå banken som gav deg BankID.
Meir om bestilling og innlogging med BankID på mobil.
Buypass ID er ein personleg elektronisk ID som gjev tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4). Den vert utsteda av Buypass AS, og vert levert som Buypass ID på smartkort eller som Buypass ID i mobil.
Meir om bestilling og innlogging med Buypass ID.
Commfides er ein personleg elektronisk ID som gjev tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4). Commfides vert utsteda av Commfides Norge AS, og vert levert som ein sikker USB-pinne. Meir om bestilling og innlogging med Commfides.