Korleis logge inn med Buypass ID i mobil?
Gå til tenesta kor du ønskjer å logge inn (eksempelvis på: www.nav.no, www.altinn.no, www.skatteetaten.no)
- Vel Buypass ID
- Skriv inn ditt fødselsnummer, (11 siffer), og klikk «Fortsett».
- Føl anvisningane du får. Du blir guida vidare basert på kva identifiseringsmetode du vel.
Har du Buypass passord?
- Skriv passordet ditt og klikk «Fortsett».
- Skriv inn eingangskoda du mottek på SMS, (6 siffer).
Har du Buypass ID mobilapp?
- Skriv mobilnummeret ditt og klikk «Fortsett».
- Åpne Buypass ID app på mobilen din. ID-oppdrag blir sendt med «push», eller du hentar det ved å åpne appen – sjå nedlastingssymbol oppe i høgre hjørne av appen.
- Tast PIN kode for Buypass ID app.
Første gang du benyttar Buypass ID i mobil må du gjennom ein sjekk for å aktivere ID’en saman med passordet eller mobilappen. Om du vel passord første gang kan du velje mobilapp seinere.
Buypass ID gir tilgang til offentlege tenester på høgt sikkerhetsnivå (nivå 4).