MinID
MinID gir tilgang til offentlege tenester på betydeleg tryggleiksnivå (nivå 3).
3.oktober opphøyrde utsending av PIN-kodar. Nye brukarar vil no få tilsendt MinID Aktiveringsbrev, og det er ikkje lenger mogeleg å bestille PIN-kodar.
MinID er ein tofaktor-løysning, som betyr at ein må bruke to faktorar for å logge inn til ei teneste. Den eine faktoren er eit sjølvlaga passord. Den andre faktoren kan brukaren velja sjølv, og er ein eingongskode ein mottek på SMS eller eit pushvarsel frå MinID app. PIN-kodene var ein svak tryggleiksmekanisme og tek ikkje hand om dei krava til tryggleik som MinID må oppfylle. Desse er difor avvikla.
Les meir om oppsett av eingongskode på SMS her.
Les meir om oppsett av MinID App her.
Er du verge?
Når du er verge må du frå no av bruke eingongskode på SMS som innloggingsmetode. Du kan ikkje bruke MinID App fordi ein einheit kan berre knyttast til eitt fødselsnummer eller D-nummer. Det betyr at du ikkje kan ha fleire fødselsnummer eller D-nummer registrert på same einheit når du brukar MinID appen.
Er du 10.klassing?
Fram til no har Digitaliseringsdirektoratet (tidl. Difi) hatt automatisk utsending av MinID PIN-kodebrev til alle 10.-klassingar, gjennom eit samarbeid med VIGO og skulane. Elevane har difor motteke eit brev med PIN-kodar i posten, utan å sjølv ha bestilt dette. Årsaka til at vi ikkje gjer dette lenger er at den einskilde elev sjølv må ha eit forhold til at det vert oppretta ein brukar i hens namn, og vite at det vert sendt ein kode i posten som kan brukast til å aktivere ein elektronisk ID som gir tilgang til offentlege tenester.
Frå og med no må eleven sjølv bestille MinID Aktiveringsbrev med kode.
Er du rådgivar? Sjå her for bestilling av MinID for elevar.
MinID Aktiveringsbrev er gyldig i 60 dagar etter bestilling.