MinID Passport
MinID Passport er ein elektronisk ID-løysing som kan brukast til å logge inn på nokre offentlege tenester på internett.
MinID Passport brukar pass-verifisering som ein del av registreringa for å identifisere deg.
Løysinga brukar to-faktorløysing. Det betyr at når du loggar inn må du bruke eit sjølvlagd passord og ein eingongskode motteke på SMS.
MinID passport var ei midlertidig løysning under Covid-19. Det er ikkje lenger mogeleg å registrere seg som ny brukar.
Om du allereie er registrert som MinID passport brukar kan du framleis logge inn på einskilde tenester på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4) på Nav.no