Korleis registrere MinID-brukar med app
For å registrere deg som MinID-brukar treng du følgande:
- Fødselsnummer eller D-nummer
- Mobiltelefon og e-postadresse
- MinID Aktiveringsbrev
Manglar du MinID Aktiveringsbrev, kan du bestille det her. MinID Aktiveringsbrev er gyldig ein månad etter bestilling.
MinID Aktiveringsbrev vert berre sendt til adressa du har registrert i det norske folkeregisteret. Har du både postadresse og bustadsadresse, vert det sendt til postadresse.
Normal leveringstid for MinID Aktiveringsbrev er 10 virkedagar.
For å registrera MinID-brukar med app gjer du følgjande:
- Opne MinID appen
- Klikk på «Kom i gong»
- Tast inn fødselsnummer. Klikk «Neste»
- Skann aktiveringskoden (QR) med kamera. NB! Du må tillate at kamera kan bruka appen
- Lag eit personleg passord
- Tast inn mobilnummer. Klikk «Neste»
- Tast inn e-postadresse. Klikk «Neste»
- Du er no registrert som MinID app brukar. Neste gong du loggar inn kan du bruke telefonen til å godkjenna innlogging.
Passordet må tilfredsstille følgande krav:
- må vere minimum 8 teikn langt
- må bestå av bokstavar og tal
- særnorske teikn som ÆØÅ kan ikkje nyttast