Korleis registrere MinID-brukar med MinID Aktiveringsbrev
For å registrere deg som MinID-brukar treng du følgande:
- Fødselsnummer eller D-nummer
- Mobiltelefon og e-postadresse
- MinID Aktiveringsbrev
Manglar du MinID Aktiveringsbrev, kan du bestille det her. MinID Aktiveringsbrev er gyldig ein månad etter bestilling.
MinID Aktiveringsbrev vert berre sendt til adressa du har registrert i det norske folkeregisteret. Har du både postadresse og bustadsadresse, vert det sendt til postadresse.
Normal leveringstid for MinID Aktiveringsbrev er 10 virkedagar.
Aktiveringskode for registrering av MinID-brukar kan brukast på to måtar:
1. Du kan bruke mobil eller MinID-app for å lese QR-koden
2. Bokstavkoden kan brukast ved å gå til denne nettstaden. Der må du skrive inn koden manuelt
- Fyll inn aktiveringskode frå aktiveringsbrevet/skann QR- koden
- Fyll inn fødselsnummer
- Fyll inn kontaktinformasjon: e-post og mobilnummer. Lag eit personleg passord (minimum 8 teikn, blanding av bokstavar a-z og tal 0-9)