MinID passport
MinID Passport er ein elektronisk ID-løysing som kan brukast til å logge inn på nokre offentlege tenester på nett.
MinID Passport brukar pass-verifisering som ein del av registreringa for å identifisere deg.
Løysinga brukar to-faktorløysing. Det betyr at når du loggar inn må ein bruke eit sjølvlagd passord og ein eingongskode motteke på SMS.
Kva treng du for å registrere MinID Passport
For å registrere ein ny MinID brukar treng du følgande:
· Ein smarttelefon med eit aktivt mobilnummer
· Gyldig pass
· Fødselsnummer/D-nummer registrert i folkeregisteret
· E-postadresse
Korleis registrere MinID Passport
Du må skanne passet ved å bruke ein app frå Nets som les passet ditt. Du kan laste ned denne appen frå Nets si nettside, eller ved å laste ned “NETS Passport Reader” frå app store/Play store. Appen må vere installert på din smarttelefon før du kan starte skanninga av passet.
1. Du kan registrere ny MinID brukar på denne nettsida: registration.minid.digdir.no
2. Etter å ha trykt på "Continue", vert brukaren bedd om å installere appen “NETS Passport Reader”.
3. Du vert bedd om å godta person- og ansiktsgjenkjennings data på vegne av Digitaliseringsdirektoratet. Dette med hensikt å identifisere deg for utstedelse av MinID. For å bruke appen må du godta bruksvilkåra.
4. Klikk på "Receive activation code". Ein kode vert synleg i nettlesaren. Denne koden må du skrive inn i appen for å fortsette. Alternativt kan du skanne QR-koden som kjem opp på skjermen.
5. Skann den maskinlesbare delen av passet ved å følge instruksjonane i appen.
6. Lukk passet. Legg Smarttelefonen med baksida oppå passet, slik at appen kan lese NFC (RFID)-brikka på passet. Følg instruksjonane i appen.
7. Appen vil no ta ein selfie for å bekrefte at personen på passet er den same personen som brukar smarttelefonen. Om dette vert godkjent vert informasjonen frå passet sendt tilbake til MinID-registreringa I nettlesaren.
8. Fortsett registreringa i nettlesar. Skriv inn ditt fødselsnummer/D-nummer. MinID vil no kontrollere informasjonen frå passet ditt opp mot folkeregisteret.
9. Om informasjonen stemmer, vil du kunne registrere din e-postadresse, mobilnummer og opprette personleg passord for MinID.
Du har no registrert MinID og kan logge inn på nokre offentlege tenester på nett.
Korleis logge inn med MinID Passport
· Gå til www.nav.no
· Trykk på “Utenlandske brukarar” nederst, og deretter “MinID Logg inn”
· Skriv inn ditt fødelsnummer/D-nummer og passord. Klikk på “Neste”.
· Legg inn eingongskode mottatt på SMS. Klikk på “Neste”.
Korleis lage nytt passord
· Gå til www.nav.no
· Trykk på “Utenlandske brukarar” nederst, og deretter “MinID Logg inn”
· Klikk på “Gløymt passord”
· Skriv inn ditt fødselsnummer/D-nummer. Klikk på “Neste”
· Skriv inn koden frå SMS på 5 teikn. Klikk på “Neste”
· Skriv inn koden frå e-post på 6 teikn. Klikk på “Neste”
· Vel passord, (minst 8 teikn mellom A-Z, 0-9 og spesialteikn)
- Kontroller kontaktinformasjonen og klikk på “Bekreft”