Sperring av MinID
Dersom du ynskjer å sperre deg mot bruk av MinID, kan du gjere det ved å sende inn dette skjemaet.
Skjema sender du til:
Digitaliseringsdirektoratet,
Skrivarvegen 2
6863 Leikanger
Når du sperrar deg mot bruk av MinID, vil det ikkje lenger vere mogleg å opprette, bestille PIN-kodebrev eller logge inn ved bruka av MinID. Du vil få ei kvittering på at brukaren din er sperra.
Ein sperra brukar kan opnast igjen ved å sende inn dette skjemaet.
NB! Sjølv om du sperrar deg mot bruk av MinID, vil du framleis vere registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Ynskjer du å slette informasjonen din frå registeret, må du sende inn dette skjemaet.
Ynskjer du å reservere deg mot bruk av BankID, Buypass, BankID på mobil og/eller Commfides, må du kontakte dei direkte.