Innsyn i personopplysningar (GDPR)
Alle som brukar Digitaliseringsdirektoratet sine fellesløysingar, har rett til å be om innsyn i personopplysningar som er lagra i desse fellesløysingane.
Når du søker innsyn må du velje kva for teneste du vil ha innsyn i. Under finn du informasjon om desse løysingane.
Innsynskrav må sendast Digitaliseringsdirektoratet. Bruk skjemaet her.
Digitaliseringsdirektoratet
Postboks 1382 Vika
0114 Oslo.
ID-porten
ID-porten er ei trygg innloggingsløysing til offentlege tenester på internett.
Kontakt- og reservasjonsregisteret
Kontakt- og reservasjonsregisteret er ei fellesløysing alle offentlege verksemder skal bruke i kontakt med innbyggarane. Verksemdene kan bruke registeret for å sende ut varsel og servicemeldingar på sms eller e-post. Verksemdene kan og finne informasjon om innbyggaren er reservert mot digital kommunikasjon med stat og kommune.
eSignering
eSignering er ei teneste som gir moglegheiter for innbyggarar å signere brev elektronisk frå offentlege verksemder med eID.