Språkval
Kontakt- og reservasjonsregisteret inneheld opplysning om kva for språk du ynskjer å motta dokument og meldingar frå stat og kommune på. Det er opp til den offentlege verksemda som sender deg meldingar eller dokument å bruke informasjonen om språkval.
Om du ikkje har gjort eit språkval, kan stat og kommune sjølv velje kva for språk dei vil bruke i kommunikasjonen med deg.
Det er du som innbyggar som sjølv legg inn og endrar språkval under kontaktopplysningane dine i Kontakt- og reservasjonsregisteret.
Digitaliseringsdirektoratet har henta inn språkval frå skatteetaten, og flytta opplysningane til Kontakt- og reservasjonsregisteret. Om du tidlegare har kryssa av for språk i skattemeldinga, er det den informasjonen som no er registrert.
Her kan du logge inn for å sjekke og oppdatere kontaktopplysingane dine.