Registrer ny brukar i ID-porten
For å opprette ein brukarprofil i ID-porten går du til nettsida: https://brukerprofil.difi.no/minprofil/
Deretter vel du elektronisk ID (e-ID) for å logge inn.
NB! Denne nettsida gir kun tilgang til brukarprofilen din i ID-porten. (For å logge inn på ei offentleg teneste må du gå til den aktuelle tenesta si nettside).
Når du opprettar MinID-brukar må du registrere mobilnummer og/eller e-post i kontaktregisteret.
Når du loggar inn med BankID, BankID på mobil, Buypass, Commfides eller BuypassID i mobil kan du derimot velje om du vil registrere mobilnummer og e-post i kontaktregisteret.
Når du har oppretta ein digital postkasse, blir du varsla på det mobilnummeret eller den e-postadressa du har lagt inn i kontaktregisteret kvar gong stat eller kommune sender deg eit vedtak eller andre viktige brev. Difor er det viktig at mobilnummeret og e-postadressa di er rett.
Du kan velje mellom fem alternativ for elektronisk ID når du skal opprette brukarprofil i ID-porten:
MinID er ein offentleg utsteda, personleg elektronisk ID som gjev tilgang til offentlege tenester på mellomhøgt tryggleiksnivå, nivå 3. MinID vert utsteda av Digitaliseringsdirektoratet, og kan bestillast frå det året du fyller 13 år. Meir om registrering og innlogging med MinID.
BankID er ein personleg, elektronisk ID som gjev tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå, nivå 4. BankID vert utsteda av banken din, og kan bli utsteda til personar som er fylt 13 år, men bankane opererer med eigne aldersgrenser.
Meir om bestilling og innlogging med BankID.
BankID på mobil er ein personleg, elektronisk ID som gir tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå, nivå 4. BankID vert utsteda av banken din. Hugs at du må ha vanleg BankID med koder frå banken din frå før, og at du berre kan aktivere BankID på mobil frå banken som gav deg BankID
Meir om bestilling og innlogging med BankID.
Buypass ID er ein personleg, elektronisk ID som gjev tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå, nivå 4. Den vert utsteda av Buypass AS, og vert levert som Buypass ID på smartkort og som Buypass ID i mobil. Alle som har eit smartkort frå Buypass, kan ta i bruk Buypass ID i mobil. Buypass ID har 13 år aldersgrense på både Buypass ID på smartkort og Buypass i mobil.
Meir om bestilling og innlogging med Buypass ID.
Commfides er ein personleg, elektronisk ID som gjev tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå, nivå 4. Commfides vert utsteda av Commfides Norge AS, og vert levert som elektronisk ID på ein sikker USB-pinne. Commfides opererer ikkje med aldersgrense, men krev legitimering og personleg underskrift ved utskriving.
Meir om bestilling og innlogging med Commfides.