Personvern og informasjonskapslar
Formålet med bruk av informasjonskapslar
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert lagra i nettlesaren din når du brukar ei nettside. I ID-porten brukar vi informasjonskapslar for å handtere innloggingsøkt, og for lastbalansering av systemet slik at alle brukarar vert sikra ei best mogleg oppleving.
Kven handsamar opplysningane
Digitaliseringsdirektoratet er handsamingsansvarleg for personopplysningar som vert handsama i felles innlogging til offentlege tenester. Digitaliseringsdirektoratet er og handsamingsansvarleg for opplysningar som nyttast for å administrere MinID.
Leverandørane av dei elektroniske ID-ane (BankID, Buypass og Commfides) er handsamingsansvarlege for personopplysningar som er naudsynte for å administrere sine innloggingsløysingar.
Kva informasjonskapslar vert brukt i ID-porten
ID-porten brukar fem ulike informasjonskapslar for innlogging og autentisering.
Desse informasjonskapslane vert sletta automatisk når du lukkar nettlesaren din.
Informasjonskapslar på hjelpesidene eid.difi.no
Desse nettsidene er ikkje ein del av innloggingsløysinga, og registrerer ikkje personopplysningar knytt til din e-ID sjølv om du er innlogga.
Som ein viktig del av arbeidet med å lage brukarvenlege nettsider, ser vi på brukarmønsteret til dei som vitjar sidene. For å analysere informasjonen, nyttar vi analyseverktøyet Google analytics.
Google analytics nyttar informasjonskapslar som gir informasjon om den einskilde brukar sine rørsler på nettsidene. Eksempel på kva statistikken gir oss svar på er kor mange som vitjar ulike sider, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knyta informasjon om din bruk av nettstaden til deg som einskildperson.