Tryggleik og personvern
ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester. Du kan nytte elektronisk ID frå MinID, BankID, BankID-app, BankID på mobil, Buypass eller Commfides. Med elektronisk ID stadfestar du på ein trygg og sikker måte kven du er når du brukar offentlege tenester på internett.
For å førebyggje ID-tjuveri er det viktig å vere medviten kven du gjev personopplysningar til, og i kva samanheng du oppgjev opplysningane.
Har du mistanke om at du er utsett for eit ID-tjuveri, er det viktig å reagere raskt for å avgrense omfanget. Start med å melde forholdet til Politiet, telefon 02800.
Les meir om ID-tjuveri på www.idtyveri.info
Har du fått informasjon om andre enn deg sjølv etter at du har logga inn på ei offentleg teneste med ID-porten, så send ein e-post til brukerstotte@digdir.no
Om du har fått tilgang til personopplysningar om andre enn deg sjølv, er det viktig at du ikkje sprer denne informasjonen vidare. Du har og teieplikt om kven du vart logga inn som.
Sjølv om du uforvarande har fått tilgang til informasjonen og ikkje kan klandrast for det, kan det vere straffbart å dele heile eller deler av denne informasjonen vidare. Har du lasta ned slik informasjon, må du slette denne med ein gong. Eventuelle utskrifter må makulerast.
MinID: Kontakt ID-porten brukarstøtte på nummer (+47) 800 30 300 for å sperre brukarprofil. Vi vil då stengje brukarprofilen din og hente ut loggar for aktivitet i ID-porten.
BankID: Du finn informasjon om korleis du sperrar BankID på heimesidene til banken din.
Buypass: Du kan sperre Buypass ID-en din på Buypass.no
Commfides e-ID: Du kan sperre Commfides e-ID-en din ved å kontakte Commfides
For at tryggleiken din i ID-porten skal ivaretakast på best mogleg måte, bør du vere merksam på følgande:
- Syt for at den elektroniske eininga du nyttar er oppdatert
- Sikre den elektroniske eininga di med passord/PIN-kode
- Ha oppdatert anti-virus på datamaskina di
- Logg ut når du er ferdig
Meir informasjon om datatryggleik finn du på NorSIS sine heimesider: www.norsis.no