Ulike tryggleiksnivå
Dei digitale tenestene har ulikt tryggleiksnivå. Det er den verksemda som eig tenesta som bestemmer kva tryggleiksnivå tenesta deira skal ha – betydeleg tryggleiksnivå (nivå 3) eller høgaste tryggleiksnivå (nivå 4). Dette vert bestemt ut i frå kva konsekvensar uheldige hendingar vil få for brukar og verksemda.
Betydeleg tryggleiksnivå
MinID gir innlogging til tenester med betydeleg tryggleiksnivå (nivå 3). Den har ei to-faktors tryggleiksløysing. MiniD består av fødselsnummer og personleg passord, samt eingongskodar på SMS eller pushvarsel frå MinID app.
Høgaste tryggleiksnivå
BankID, Buypass og Commfides leverer elektronisk ID på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4). Dette er ei to-faktorløysing, der ein i tillegg må møte opp personleg for å legitimere seg. Dette for å unngå at tryggleikselemtet hamnar i feil hender.
Med høgaste tryggleiksnivå får du mellom anna tilgang til helseopplysningar. Er du innlogga med MinID, men ynskjer å logge deg inn på ei teneste som krev eit høgare tryggleiksnivå, må du logge deg inn på nytt med BankID, Buypass eller Commfides.