"Ukjent tenesteeigar"
Det er mogleg at teksten "Ukjent tenesteeigar" viser når du skal velje elektronisk ID og skal logge inn.
Får du opp denne teksten, betyr det at systemet manglar informasjon om kva teneste du vil logge inn på.
Då vil du få feilmeldinga "Systemfeil" etter innlogging.
Det er tre moglege årsakar til denne feilen.
- Det er brukt eit bokmerke eller ein snarveg til innloggingsbildet.
- Nettlesaren din er ikkje sett opp til å akseptere informasjonskapslar
- Det kan liggje utdaterte informasjonskapslar og nettstadsdata i nettlesaren din som skaper problem ved innlogging.
Klikk her for instruksjonar for å slette informasjonskapslar i Windows
Klikk her for instruksjonar for å slette informasjonskapslar i OS X
Klikk her for instruksjonar for å slette informasjonskapslar i iOS